BILETE FRÅ RAUTEFJELL

Rautefjell Antidrogfylking hev ikkje byggja noko lokale eller nokon bustad enno, men me hev eit fint skur. Me hev arbeida hardt i skogen òg. Der hogg med ved heile dagen, slik at disom me klarar å byggja bustad i sumar, kan me halde fram heile neste vinter.

Her er ei teikning til det fyrste bygget me skal freista å snekra upp. Disom du er ein antidrogar som er lei av bymaset, er du hjarteleg velkomen til denne dugnaden.

Me mekkjar websidene våre og skriv epost via mobiltelefonar på ein laptop. Slike apparat må uppladast stundom. Då gjeng me til den næraste grannen for å låna eller kaupa litt straum. Sist gong kom me til ein skogmann som hadde ein rain so tam at han satte nisselue på han. Det var så gjevt å sjå at me måtte taka eit bilete hjå sjarmøren.

Rautefjell er ein aude plass, som du kan sjå av dette kartet. Me er nybrotarar, og seinare skal me setja upp rehabilitering for stoffbrukarar. Då kan politiet i storbyane sende narkovraki til Rautefjell. Her vert det ikkje noko dilldall eller silkehanskar, men beinhardt arbeid med snekring og steinrøys frå morgon til kveld, så dophovuda frå byane kan slita gifti ut hjå skrottene sine. Og på heile Rautefjell finst ikkje ein einaste fleinsopp!

Dersom du vil linke til nettplassen vår, kan du nytte denne bannaren:

 

Attende til Rautefjell Antidrogfylking si hovudside

1