Smørbukk på nett Smørbukk
på nett
   www.geocities.com/hardyguttene/smorbukk
TIL FRAMSIDA LES/SKRIV I GJESTEBOKA KONTAKT REDAKTØREN

Smørbukk 70 år


Smørbukk 70 år I samband med at Smørbukk- figuren fyller 70 år og Solveig Muren Sanden 90 år i 2008, har Egmont i samarbeid med Norsk Barneblad samla dei ni første hefta til Sanden mellom stive permar. Boka har blitt eit praktverk, og inneheld i tillegg til hefta historikk og fakta om teiknarar og tekst-
forfattarar.

Les meir!


Opptrykk


26.10.05: Opptrykk av Smørbukk 3. samling frå 1943 er no å få. Heftet får du tak i dersom du sender ein e-post til knut.brandal@c2i.net.

22.03.04: Smørbukk i opptrykk!
Smørbukk på nett kan i dag informere om at det er inngått avtale mellom NoTeM forlag og Norsk Barneblads forlag om opptrykk av eldre Smørbukkhefte. Hefta tingar du på adressa knut.brandal@c2i.net.

Les meir!


Framsidegalleriet


Påskeheftet 1963 Framsidegalleriet inneheld bilete av alle dei fargerike framsidene fram til og med 1981. Dei er no scanna på nytt i betre kvalitet, med unntak av Smørbukk den eldre.

Framsidegalleriet

Fotoalbum


Originalside av Jens R. frå 1955 I fotoalbumet kan du sjå andre bilete knytta til Smørbukk og skaparane, blant anna originale seriesider og framsider av Solveig Muren Sanden og Jens R. Nilssen.

Fotoalbumet

Mine favorittframsider


Juleheftet 1963 - Eit av de mest levande motiva, med fantastiske fargar.

Vårheftet 1966 - Fart og spenning i massevis, både inne i heftet og på omslaget.

Juleheftet 1959 - Det siste heftet Jens R. teikna før han overlot "pennen" til Solveig Muren Sanden.

Juleheftet 1945 - Det fyrste etter frigjeringa, med eit lite spark i retur.

Framsidegalleriet


Smørbukk frå vårheftet 1966



Om desse sidene:
På nett sidan: 04.08.98
Sist oppdatert: 14.10.08

   

Smørbukk på nett


Juleheftet 1957Desse sidene er til ære for den store, nynorske teikneserieantihelten Smørbukk. Dei tek for seg den gamle Smørbukken, den frå 40-, 50-, 60- og 70-åra, med andre ord perioden då Jens R. Nilssen og Solveig Muren Sanden sto for illustrasjonane.

Serien om Smørbukk er prenta i Norsk Barneblad sidan 1938, og som eige hefte til jul sidan 1941. Ein periode på 60-talet kom det og vårhefte. Kos deg med sidene, og send meg gjerne ein e-post med kommentarar eller tips til forbetringar, eller skriv i gjesteboka dersom du heller ynskjer det.

Nytt er det at meir og meir av innhaldet no er på nynorsk. Målet er at alt skal skrivast om etter kvart, men enno ei stund får de leva med Smørbukk på to ulike målformer.


Utgåver og personar


Smørbukk og Trond frå juleheftet 1963Juleheftet er nok den mest kjende utgåva av serien, men den som ville kunne kose seg med Smørbukk oftare enn berre ein gong i året. Han dukka også opp i eige hefte på våren nokre år, kvar fjortande dag i Norsk Barneblad, i Juletre og til og med i bokform.

Her kan du lese om dei ulike utgåvene, og du får også ein gjennomgang av historien bak serien og dei viktigaste personane vi møter.

Ulike utgåver Smørbukk fyller år Kven er kven? Viktige årstal

Jule- og vårhefta


Smørbukks julehefte har vore med oss sidan 1941, og er blitt en viktig del av juleheftetradisjonen i store deler av Noreg. Når det gjeld serielitteratur har fenomenet julehefter ein spesiell plass i Noreg, og Smørbukk er eit av dei aller eldste norske julehefta. Det er nok denne utgåva av serien som er mest kjend, og som så mange hugsar fra barneåra. Det er den som unekteleg også har størst appell til publikum, med lange, spennande eventyr i flotte fargar. På det meste har Smørbukks julehefte hatt eit opplag på rundt 50 000.

Under kan du lese mine personlege kommentarar til kvart hefte frå 1941 til 1981, i tillegg til korleis Norsk Barneblad presenterte hefta då dei kom.

Hefta 1941 - 1981 Dette skreiv Norsk Barneblad

Teiknarane


Sjølvportrett av Jens R. NilssenFrå starten i Norsk Barneblad i 1938 er det tre teiknarar som har hatt æra av å skape Smørbukk. Desse tre personane er alle særs kjende illustratørar: Jens R. Nilssen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes. Opplysningar om teiknarane og litt anna stoff kan du finne ved å følgje linkane under.

Det er truleg nytt for mange at den gongen Jens R. var på veg til å gje frå seg serien på femtitalet, var den ikkje ukjende Bjarne Kristoffersen høgaktuell som arvtakar. Det gjekk så langt som til at Jens R. overlot nokre av sine originalar til Kristoffersen for at han skulle bli kjend med figuren. Med tida var det istaden Solveig Muren Sanden som fekk utvikle Smørbukkfiguren vidare, noko mange er glade for.

Solveig Muren Sanden Til minne om Jens R. Smørbukk fyller år Viktige årstall

Smørbukks vener


Les om Smørbukks vener"Smørbukks vener" er ei interesseforening mest for vaksne som tar sikte på å få fram nynorske teikneseriar og teikneseriar for born, og ta vare på minnet om den gamle teikneseriehelten Smørbukk. Det er altså litt meir enn berre ein "Smørbukk fan club".

Smørbukks vener

Norsk Barneblad


Til Norsk Barneblads offisielle sider, www.norsk-barneblad.no
Norsk Barneblad kom med sitt fyrste nummer allereie i 1887, og er med det truleg verdas eldste barneblad som framleis kjem ut. Smørbukkserien kom i 1938, og det er nok forteljingane og teikneseriane saman med dei mange fantastiske illustrasjonane elles som har gjort Norsk Barneblad til det det er for mange.

Les om Norsk Barneblad, eller ta ein tur innom Norsk Barneblad på nettet.

Om Norsk Barneblad www.norsk-barneblad.no



Smørbukk på nett • Hallvard Dyrland, Marmorvn. 8C, 1154 OSLO • 22 28 09 88
1